torsdag, september 03, 2009

Prektig kristen eller?

Å vær kristen handle ikkje om å lada som eg e ein aen enn den eg virkelig er.
Det å ta på seg ei "kristen maska" e så alt for fort gjort.
Leste denne artikkelen på http://itro.no og synes den va veldi bra. Bruk gjerna et par minutt på og lesa denne. Dette e bare et ekspempel på koss det e så fort gjort det e å mista fokuset på det som virkelig betyr någe. Nemlig det å ta med seg Jesus i kverdagen, leva for han og vise hans kjærlighet til menneskene rundt oss gjennom det livet en lever!

Kristen på fest
Hvordan ville Jesus oppført seg på fest i dag?
Ida skal på «bli-kjent-fest» for nye studentar. Ho er kristen og er opptatt av at andre skal merke at ho er kristen, merke at ho lever annleis, og ho ynskjer å vere med å leie andre menneske til Jesus. På festen går ho med gull-korset synleg.
Når dei sit med øl-glaset framføre seg, sit ho med ei colaflaske.
Når dei grove vitsane kjem, legg ho ansiktet i litt bekymra falder og ser brydd ned. Når dansegolvet fyllest opp blir ho heller med på å rydde bord og småsnakke med andre som held seg sitjande.
Heile tid har Ida eit klart ynskje i hovudet: Eg vonar dei andre merkar at det er noko annleis med meg. Eg vonar dei merkar at eg lever eit kristent liv."Kristne skal leve i fridom og glede!"

Unni skal også på «bli-kjent-fest» for nye studentar.
Ho er også kristen. Ho er opptatt av å rive ned dei gamle fordommane om at kristne er treige, alvorlege og sære.
Ho vil gjerne vise medstudentane sine at det å vere kristen er å leve i fridom og glede. Ho vonar at ved å stråle ut dette vil ho få vere med å leie andre menneske til Jesus. Så på festen går ho med stort kors på magen.
Når medstudentane opnar ølflaskene sine, blir ho gladeleg med, (dog i moderate mengder). Ho går inn for å skape stemning og glede. Flirer forsiktig av dei grove vitsane og kastar seg inn på dansegolvet.
Heile tida har Unni eit klart ynskje i hovudet: Eg vonar dei andre ser at kristne menneske er normale på alle vis. Eg vonar dei ser gleda mi og merker at eg ikkje prøver å late som eg er betre enn dei andre.

Kven av desse to ville Jesus likna mest på om han hadde vore på fest?Når Jesus i Lukas 19 vitjar Sakkeus, er han på ein slags fest.
Eg kan ikkje sjå føre meg at Jesus her sit og tenkjer på å vise Sakkeus kor plettfritt han sjølv lever. Jesus her heller ikkje som mål å vise Sakkeus at også han er eit vanleg menneske. Jesus sitt fokus i liv og lære var å elska Gud og elska nesten sin (altså Sakkeus).
Det var dette Sakkeus erfarte. Og Sakkeus vart omvendt den dagen."Ein heilt annan veg"Derfor er eg redd Jesus ikkje ville ha likna på verken Ida eller Unni. For det som er felles for dei er eit sterkt fokus på seg sjølv.
Begge er i stor grad oppteken av korleis dei står fram som kristne. Begge to er oppteken av kva dei andre tenkjer om den livsførselen dei har. Dette kan i og for seg vere ein viktig sak, men i møte med Jesu liv blir begge historiene ovanfor å rekne som å gå litt i grøfta, kvar si grøft. Kor er då vegen Jesus viser oss?

Er det den gylne middelveg? Litt prektig og litt som alle andre? Eg opplever at Jesus viser oss ein heilt annan veg, som ikkje er ein middelveg, men ein heilt annleis veg.
Hans fokus er ikkje korleis han blir sett på av sine medmenneske, men det å sjå sine medmenneske. Elske Gud og elske medmenneska sine. Korleis blir festen din med dette fokuset?

Foto: paintnothing på flickr.comAv Åsbjørg Hægeland
Åsbjørg Hægeland er rådgiver på Kvitsund Gymnas i Telemark.