mandag, juni 04, 2007

Feil eksamensdag!!!

(Artikkel fra Jærbladet)

20 avgangselevar ved Tryggheim vidaregåande skule fekk oppgitt at dei skulle ha eksamen på måndag. Fredag morgon blei dei vekte opp til meldinga om å møta omgåande til eksamen.

Fredag morgon vart travel for rektoren og personalet ved den vidaregåande skulen på Nærbø då dei oppdaga at dei hadde gått ut med feil eksamensdag. Morgonen blei ikkje mindre travel for dei 20 elevane som trudde dei hadde helga på seg til å finpussa engelsk- og mattekunnskapen. Dei fekk seg ei overrasking då dei vakna til meldinga om at eksamen skulle avviklast om kun kort tid.

- Me kalla inn alle elevane til å gjennomføra eksamen, sjølv om dei ikkje var godt nok førebudde, seier rektor Gjermund Viste ved Tryggheim vidaregåande skule, som i morgontimane tok kontakt med Utdanningskontoret, som er tilsynsorganet til skulen.

- Dei var samd i måten me løyste dette på, seier han.

Glipp

Ifølgje Viste fekk elevane ved skulen informasjon om den rette eksamensdatoen tidlegare i år. Men ved eksamensoppropet fekk elevane ved allmennfagleg påbyggingsår beskjed om feil dato; tre dagar etter den reelle eksamensdagen. Då tabben vart oppdaga i dag tidleg, tok dei telefonen fatt for å få tak i dei aktuelle avgangselevane.

- Dette er ein feil frå vår side. Me legg oss flate og beklagar dette veldig, seier Viste.

Innan eksamenen starta fredag morgon, hadde skulen fått tak i alle unnateke ein elev. Oppstarten vart utsett til kl 9:30, og alle dei ramma elevane fekk ein time ekstra til råds.


"Ja eg va då ein av de som blei ramma av dette, kvart øve 8 blei eg vekkte me mellingen om at eg sko ha matteeksamen den mårningen (fredag), de hadde vore någe kluss me datoane, så eg sko ikkje ha eksamen på mandag som eg hadde fått beskjed om... Trudde fysst de va tull, men forstod jo fort at de va seriøst!! Så de va opp i ein fart og bare springa opp te skulen heilt uforberet te matteeksamen, de va ein trøtte og ikkje særlig fornøyde gjeng eg traff på i gangen.

Men det heila har egentlig endt me bare fordeler for vår del. Me får lov å kanselera eksamen og ta an på ny eller bare beholda standpunktkarakteren, så på ein måde så sleppe eg skriftlig eksamen :) Pluss at me fekk gratis horn m/ost og skinka, appelsinjuice, frukt og ikkje minst snop:) I tillegg har eg nå fri fram te den 13 juni :D (får melling om muntlig eksamen då)"

2 kommentarer:

Anonym sa...

E da ein kommentar som må te her for at du ska oppdatera litt, eller????

Helene Kirkholm sa...

Hehe, kanskje de, har lenge tenkt at eg må jer de, men har ikkje komt igang, ska prøva te helgå ;)